UNESCO Global Geoparks
Å vera ein UNESCO Global Geopark betyr at ein er med i aktive nettverk der geoparkar i ulike deler av verda samarbeider, utvekslar idear og arbeidsmåtar og deltek i fellesprosjekt for å heva standarden på produkt og praksis. Geopark Sunnhordland er medlem i det internasjonale nettverket. Det er 195 UNESCO Global Geoparks i verda, 3 av desse i Noreg.
Geopark Sunnhordland er den fjerde her til lands, og er basert på vår særeigne geologi og geoarv.
Global Geoparks Network (GGN), der medlemskap er obligatorisk for UNESCO globale geoparkar, er ein non-profit organisasjon stifta i 2004 av European Geopark Network (EGN). Medlemene betaler ei årleg medlemsavgift og møtest annakvart år. Global Geoparks Network vert stadig utvida, og får ny kunnskap og ekspertise frå mange kulturar verda over. Nye måtar for best mogleg praksis vert stadig utvikla, med nye standardar for område som vil inkludere geologisk arv i berekraftig regional og økonomisk utvikling. Å vitje geoparkar rundt om i verda garanterer kvalitet på tilboda, sikrar berekraftig forvalting av geoarven samstundes som at geoparkane i nettverket viser det store spekteret av geologiske strukturar, landskap og kulturar som verda har å by på.
European Geoparks Network (EGN) er det opprinnelege nettverket av geoparkar, stifta i 2000 med støtte av EU og i samarbeid med UNESCO.
Målet er å styrke og støtte berekraftig regional utvikling i geoparken ved å på berekraftig vise nytte regionens særeigne geologiske arv, fortrinnsvis gjennom geoturisme.